Klart for ny Trollheimsmarsj søndag 28. august. Trollheimsmarsjen arrangeres i år for 4. gang, og har start på Bordholmen i Todalen og målgang på Leikvoll på Ålvundeidet. Turen over fjellet er på 13 km, og ein reknar med 5 timar i vanleg turisttempo, med pausar i tillegg. Turens høgaste punkt er Vardan som ligg på 850 m.o.h., og det er ein fantastisk utsikt på begge sider av fjellet. På todalssida kan ein sjå langt innover Trollheimen dersom vergudane er med på laget. Det er mange premiar til deltakarane i Trollheimsmarsjen, og desse blir trekt ut på startnummra. På veg over fjellet blir det også natursti, med spørsmål henta frå båe kommunane - og sjølvsagt premiering. |