Trollheimsmarsjen 2010 - søndag 29. august

Informasjon er henta frå nettsida Todalen.no

Bli med på Trollheimsmarsjen 2010, oppfordrar arrangementskomiteen frå I.L. Ulvungen og Todalen I.L. Trollheimsmarsjen er nemleg eit samarbeidspprosjekt mellom dei to idrettslaga. Det er i år tredje gongen at marsjen blir arrangert, og søndag 29. august er datoen som du må merke deg. Marsjen startar på Bordholmen og går over Vardan til målgang på Leikvoll på Ålvundeidet.

Starten går som sagt frå Bordholmen, og det blir høve til å starte mellom kl 08.30 og kl 11.00. Det blir sett opp bussar frå Ålvundeidet før start (angangar frå Leikvoll 07.45, 08.45 og 09.45) og det blir lik ens 3 bussavgangar etter målgang (Kl 15.15, 16.15 og 17.15).  Bussturen kostar kr 50. Startkontingent for vaksne kr 100 og born kr 50.

Turen over fjellet er på 13 km og rekna å ta ca 5 timar, alt etter dagsformen til deltakarane. Høgaste punktet på turen er 850 m.o.h. ved Vardan. Turen går opp til Ørsalsetra og vidare til vardan og ned Børsetlia til Ålvundeidet. På Leikvoll stadion vert det høve til å ta ein dusj og det blir salg av middagsmat. Begge deler kan være godt etter turen over fjellet. Det blir lagt opp til natursti over fjellet, der du vil finne aktuelle spørsmål som det gjeld å svare rett på.

Det blir trekt ut premiar på startnumra, og er du heldig og vinn hovudgevinsten får du 1 års gratis AutoPass for eit år når Trollheimstunnelen opnar.  Så er det berre å sett av søndag 29. august til fjelltur, og hugs å ta med nok mat å klede, oppfordrar arrangøren.  Du kan laste ned meir informasjon om Trollheimsmarsjen her.

Sosial pause ved Vardan. Frå Trollheimsmarsjen 2008. Foto: Jon Olav Ørsal

Trollheimsmarsjen er eit samarbeidsprosjekt for I.L. Ulvungen og Todalen I.L. Dag Nikolay Gjersvoll og Nils Ove Bruset er ledarar for kvart sitt lag.