NYTT‎ > ‎

Farra fjorn 2010

Farra fjor'n vart 12.juni 2010 arrangert for 2.gong. I år var dette eit samarbeid mellom bygdelaga i Ålvundfjord og Todalen. Veret klarte ikkje å hindre at det vart ein ny suksess. Under den delen av turen der vi var mest  ute (Svinvik)fekk vi også opphaldsver. 
Turen starta frå Sunndalsøra og det måtte to bussar til for å få nok sitteplassar.  Ved Svinvik delte folk seg i to grupper. Ei gruppe gjekk i arboretet, medan andre gjekk den eldste gamlevegen mot Todalen.  Der fortalte Sven Svinvik om gamal vegbygging og spesielle vekkstvilkår for flott furuskog i Todalsfjorden.
   
På biletet til høgre ser vi 3 generasonar med vegar. Vi går på den eldste gamlevegen som var bygd på 1800 talet. Her kjørte det bussar i skarpe svingar fram til ca. 1942-43. Midt på biletet ser vi at vegen går inn i den nye tunnelen. Til venstre startar den mellomste gamlevegen som går rundt "Kammen".
Etterpå gjekk turen til Todalen ungdomshus. Vi ser forsamlinga som lyttar til Narve Talgø.   På pakkhuset pub på Todalsøra fekk vi servert reker og underhaldning av Jon Husby og Hans Gundersen. Dei vart også med til Ålvundfjord.  I tillegg kunne dei fortelje at dei har 140-årsjubileum.
 
Tilbake i Ålvundfjord fekk vi nyte utsikten og historier på garden Hals. Vi ser at Odin Hals fortel om fjordane og gamle kultmakarar.  Men musikken og tur til Steinsvoll gjekk ut p.g.a veret. 
   
 
I Fossheim var det først husflidlaget som møtte oss med utstilling og servering av kjøttstopp. 
Her var det også visning av gamle filmar og foto v/ Ola Hals og Rolf Smisetfoss.  Skrult tok musikkinnslaget sitt her i staden for på Hals, og etter kvart gjekk det heile over i fest der styret for Fossheim var ansvarleg og Skrult spela.  Til slutt kan det seiast at fotografen(Arne) ikkje hadde planlagt å vere referent på nettet, så dette vart litt av det eg hadde "inne" på ulike typar minnekort.