Ålvundfjord Misjonsforening

Dette er den eldste foreninga i Ålvundfjord.  Stifta i 1866.  Denne foreninga er knytta til Det Norske Misjonselskap. (Eig bl.a. Phillipshaugen i Øksendal.)   Noko av det første foreninga gjorde var å starte med Misjonsauksjon på kyndelsmessdagen (2.februar) i 1867.  Dette er ein tradisjon som vi held på med framleis. I moderne tid er auksjonen flytta til første fredag på februar og foregår på Furulia bedehus.  Her blir det auksjonert ulike varer innan matlaging og husflid, og ein del humoristiske kommentarar rundt buda høyrer med.  I tillegg til auksjon er det også basar.  Arrangementet har dei siste åra gjeve ei inntekt på omlag 15.000,kr.  Dette blir blir brukt til ulike prosjekt i fleire verdensdelar.
Det kan også nemnast at NMS driv ein Gjenbruksbutikk på Skei i Surnadal. Der er det fleire Ålvundfjordingar som er aktive med i drifta.  Varene kjem gratis inn,  og går ut til ein "riktig" pris. Dei blir solgt av personar som arbeider gratis.  Butikken gav eit nettoresultat på omlag 200.000, i 2008.  Direkte til butikken på Skei her.
Interesserte kan kontakte Arne Drøpping.