Om Ålvundfjord‎ > ‎

Ålvundfjordsongen

Tekst: Aksel Sæsbøe   Melodi: Høye Nord av J. Glæser
 
Ålvundfjord fagre grend
vokstergrunn for liv og lagnad,
du skal ha vår varme fagnad
her i ring og rad vi stend.
Dyre minner har du gitt oss,
dei skal leve i vårt sinn.
Minne alt frå åra
ved vår barndomsgrind.
 
Mang ein signa, vårlys kveld
kanskje helst når månen skuva
seg langs aksla oppå Tuva
fram mot andre fjell.
Glad vi sto i undring hos deg
glad som barnet hos sin mor.
Fossen susa fuglar fløyta
stilt i kor.
 
Her er nok av sut og kav
vinterstormar, frost og møde,
ofte brysom kamp for føde
sjøl om vi sett ringe krav.
Likevel så held vi av deg,
klamrar oss til deg i tru.
Ingen stad kvar helst vi ferdast
er som du.
 
Gamle grend, vigsle du
kvar og ein av oss med evne
så vi alltid fram kan stemme
sterk i vilje, sterk i tru.
Villig tene deg med glede
og med samhald år for år.
Ætt som kjem skal eingong
hauste som vi sår.
Comments