NYTT


Konsert med Sommero m.fl.

lagt inn 12. mar. 2014, 08.04 av Arne Drøpping   [ oppdatert 12. mar. 2014, 08.09 ]

Det foregår mykje i kyrkja vår på Ålvundeid. Søndag 9. mars vart det overført radiogudteneste på P1. Søndag 16.mars kl. 19.00 blir det konsert med Henning Sommero og John Pål Inderberg.

Klatrevegg i Ålvundfjord.

lagt inn 12. mar. 2014, 08.00 av Arne Drøpping   [ oppdatert 12. mar. 2014, 08.05 ]

 Klatreveggen på Ålvund.(Utistua) vart opna med brask og bram og mykje folk søndag 9.mars kl. 15.00. Her er det litt frå avisomtalane, men det står meir i papirutgåvene av avisene.


Misjonsauksjonen fredag 7.febr. kl. 19.00

lagt inn 2. feb. 2014, 11.01 av Arne Drøpping   [ oppdatert 2. feb. 2014, 11.12 ]

Auksjonaruis i år blir Janne Merete Rimstad Seljebø. 
Kl. 19.45 blir det andakt og song av Ålvundeid barnekor, der det også er med songarar frå Ålvundfjord. 
Elles blir det matsalg og basarbord.  Vi har kortterminal.
På førehand er det lagt ut basarbok i kaffekroken på Joker Ålvundfjord. Der kan du vinne ein løpar og dokke med fleire fine antrekk + kolonialkasse som kundane gir sine bidrag til.
Arrangementet foregår på Furulia bedehus og Det Norske Misjonsselskap er arrangør.

Nikos på onsdagar.

lagt inn 19. jan. 2014, 11.08 av Arne Drøpping   [ oppdatert 19. jan. 2014, 11.09 ]

Nikos er i normal drift onsdag kl.17.00-18.30.  Dette gjeld 22.jan. 5. og 26.feb.  5. og 19.mars. 2.april. Sjå meir under "Lag og foreningar."

Juletrefest.

lagt inn 4. jan. 2014, 07.50 av Arne Drøpping

Nikos startar opp igjen med juletrefest på Furulia bedehus onsdag 8.jan kl. 17.00. Vi får besøk av trosopplæringsmedarbeider Ann Lene Kleiven. Elles blir det juletregang, matpause, utlodning og PRØV FISKELYKKEN. Den dagen kan alle kome.

Romjulsmarsj laurdag 28.des kl. 13.00

lagt inn 23. des. 2013, 05.00 av Arne Drøpping

Trimgruppa i Kvass/Ulvungen arrangerer Romjulsmarsj i Røkkumskogen 4.juledag kl. 13.00.
Start ved Drøppingkrysset i Ålvundfjord (Mellom Ålvundfossen og Røkkum fergekai). Viss du vil ha medalje betaler du 50 kr. Utan medalje betaler du 30 kr. Utlodning og gløgg hører med i opplegget. Turen går frå Drøppingkrysset til Røkkum gard og tilbake.

Ålvundeid kyrkje i dag - Konsert.

lagt inn 10. nov. 2013, 03.46 av Arne Drøpping

FEIL TIDSPUNKT i Aura Avis på laurdag om den  "Den nynorske songskatten".  Det er i Ålvundeid kyrkje i dag 10/11 kl.17.00 (Stod riktig annonse på torsdag)

Nikos startar opp 2.oktober kl. 17.00

lagt inn 24. sep. 2013, 11.52 av Arne Drøpping

Nikos er søndagsskole på kvardag. Onsdagar kl. 17.00 for dei som har begynt på skulen. Sjå meir under "Lag og organisasjonar" + på kalenderen.

Eldredagen.

lagt inn 24. sep. 2013, 11.49 av Arne Drøpping

Tysdag 1.oktober invitererer eldrerådet til lokale samlingingar. For eie og fjor'n bli det på Ålvundeid grendahus kl.16.00.  Føler du deg ikkje gamal nok sjølv, kan du seie frå til nokon som er eldre.  Helsing Arne Drøpping, medlem av eldrerådet.

Kirkekonsertane i Tingvoll kirke laurdagar kl.17.

lagt inn 12. jul. 2013, 13.34 av Arne Drøpping

Kirkekonsertane i Tingvoll kirke har lang tradisjon, hild høg kvalitet og er som ein kulturell institusjon i seg sjølv.
 
Her kjem lista over konsertana:

Tingvoll kirke, Sommerkonserter 2013

Lørdag, 13. juli 2013 kl. 17: Ann-Helen Moen, sopran og Chris Clifton, klaver

Lørdag, 20. juli 2013, kl. 17: Daniel Herskedal, tuba og Bjørn Tomren, strupesang, jodling og gitar

Lørdag, 27. juli 2013, kl. 17: Teddy Ezra, klarinett og Ioana Maria Precup, tangenter

Lørdag, 3. august 2013, kl. 17: Aslak Fiske Fjalestad, gitar solo

Lørdag, 10. august 2013, kl. 17: I bryllupsdrakt, Ole Karsten Sundlisæter, orgel solo

Lørdag, 17. august 2013, kl. 17: Magnus Asplund, Cathrine Andersen og Johan Mahtte Skum fremfører klassisk- og tradisjonsmusikk, slåtter og religiøse folketoner på orgel, piano, sang, fiolin og joik

Lørdag, 24. august 2013, kl. 17: Musikk av Henning Sommerro og klassiske verk, Henning Qvintetten og Sigrid Bøe, sang



Inngang 150,-; barn gratis



1-10 of 19